Tenester

Informasjonstilbod og tenester

Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og miljøfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, utstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturminne- og kulturlandskapsvern og landbruk.

Publikasjonar og databasar

Skre NMV kan tilby dokumentasjon og informasjon om miljø, natur og landbruk i Vestlandsregionen, og om internasjonal terrestrisk klimaforskning og annan forskning med tilknytning til økologiske problemstillingar. Vi har tilgang til databasar som kan skaffa oversyn over nyare litteratur om desse problemstillingane.

Kurs og konferansar

Skre NMV kan organisera kurs og konferansar om tema innan skog- og jordbruk, miljøvern og natur- og kulturfaglege emne, og har eit stort nettverk av fagpersonar og hjelpemiddel for å kunna yta den beste hjelp for brukarar til ein rimeleg pris. Skre NMV kan også ordna med innkvartering og overnatting ved slike konferansar.

Foredrag

Skre NMV kan halda foredrag med ppt presentasjonar om natur- og kulturrfaglege emne og om aktuelle problemstillingar innan natur- og miljøvern, og til ein rimeleg pris. Ta kontakt dersom du ønskjer at Skre NMV skal informera om natur- og kulturfaglege emne som har tilknytning til Vestlandet.

Titler på foredrag:

– Kulturminnne i fana
– Nesttun Uldvarefabrik
– Pilgrimstradisjoner i Fana
– Fanakyrkja gjennom tidene
– Sædalen og Nattland – frå bondebygd til by
– Inst i Fanafjorden
– Aktuelle naturvernoppgåver i Hordaland
– Regeneration of introduced Norway spruce and other species from plantations in Western Norway
– Birch transplant gardens as climatic indicators
– Ecosystem services in Norway
– Consequences of future expansion at the arctic treeline in northernmost Norway
– Soil/plant relationships in arctic and alpine areas
– Early phenophases in some common tree species and provenances in the IPG garden at Fana (Bergen) as related to mean January-April temperature.
– Nytteplanter i Norge
– Tjæremile-kurs i Fana (film)

Utstillingar

Skre NMV kan organisera utstillingar ,gjerne i tilknytning til foredrag, om natur- og kulturfaglege emne og om aktuelle problemstillingar innan natur- og miljøvern, og skaffa høvelege utstillingslokaler til ein rimeleg pris.

Ekskursjonar og naturguiding

Skre NMV har kontakt med fagmiljø på Vestlandet, og kan på kort varsel organisera ekskursjonar og utferder til områder på Vestlandet for å demonstrera naturfaglege verdiar eller verdfulle kulturlandskap og kulturminne.

Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Kontakt oss

Telefon: (+47) 55 91 51 53
Mobil: (+47) 909 64 834
E-post: oddvar@nmvskre.no


Adresse:

Skre Natur- og Miljøvurdering
Kvernabekkveien 72
5243 Fana

Om oss

Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og natur- og kulturfagleg forskning.