Forskning og utvikling

Skre NMV har mangeårig erfaring med forskning og utviklingsarbeid innan fagfelta klimaforskning, vegetasjonsøkologi, skogbruk, naturovervaking og stressfysiologi. Vi har og solid bakgrunn i prosjektplanlegging og internasjonalt samarbeid om store naturfaglege prosjekt.

Prosjektplanlegging

Skre NMV har brei erfaring og kompetanse i prosjektplanlegging, og er tilknytt fleire nasjonale og internasjonale forskningsnettverk (HIBECO, ACIA, NORNET m.fl.) Vi kan gi råd og hjelp til planlegging av nettverks- og forskningsprosjekt innan natur- og miljøvern, skog- og landbruk og natur- og kulturlandskapsforvaltning, og til å finna ut korleis slike prosjekt skal gjennomførast og rapporterast (prosjektstyring).

Internasjonalt samarbeid

Skre NMV har ei brei kontaktflate til internasjonale forskningsnettverk, f.eks Sensfor Cost Action, kan hjelpa til med å byggja alliansar mellom desse nettverka og enkeltforskarar, og med folk som arbeider innan offentleg forvaltning, for å få i gang nye prosjekt.

Overvaking av natur, kulturlandskap og miljø

Skre NMV har kompetanse til å laga opplegg for langsiktig overvaking av landskaps- og naturtypar for å studera effekten av ulike stressfaktorar (klima, sur nedbør og forureining) på skog og vegetasjon, og til å finna fram til indikatorar på dette (vekstparametrar, kjemiske indikatorar, indikatorartar).

Evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar

Skre NMV har god kontakt med fagmiljø ved universitet og høgskular, naturvernsorganisasjonar, Fylkesmannens miljøvernavdeling og innan kommunar og fylkeskommunar , og har kompetanse til å utføra registrering og evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar i ulike natur- og landskapstypar.

Lokalhistorisk informasjon

Skre NMV har god kontakt med databasar og ressurspersonar ved Bergen Bymuseum, Statsarkivet og Bergens Byarkiv, og kan stå til teneste med foredrag og utferder med lokalhistoriske tema i Bergensområdet og ellers i Hordaland.

Rapportskriving (engelsk og norsk)

Skre NMV har god kjennskap til både engelsk og norsk (bokmål og nynorsk) fagterminologi innan natur- og miljøvern, og kan vera både fagleg og språkleg rettleiar for rapportskrivarar. Vi kan og hjelpa til med å omsetja faglege artiklar frå norsk til engelsk eller omvendt.

Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Kontakt oss

Telefon: (+47) 55 91 51 53
Mobil: (+47) 909 64 834
E-post: oddvar@nmvskre.no


Adresse:

Skre Natur- og Miljøvurdering
Kvernabekkveien 72
5243 Fana

Om oss

Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og natur- og kulturfagleg forskning.