Skre Natur- og Miljøvurdering (NMV)

Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og natur- og kulturfagleg forskning.

Kva kan vi hjelpa deg med?

Skre NMV har solid naturfagleg bakgrunn med vekt på vegetasjonsøkologi, skogfag og plantefysiologi. Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Langsiktig naturovervaking med tanke på spreiing av planter eller av stress- og miljøskader (klima og forureining) er eit anna av våre spesialområder. Skre NMV kan og tilby ei rekkje informasjonstilbod og -tenester innan desse fagfelta. Vi har og solid bakgrunn i overvaking av kulturfaglege verneverdiar og lokalhistorisk tradisjon på Vestlandet.

Informasjonstilbod og tenester

Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og kulturfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, kulturvandringar tstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturlandskapsvern, landbruk og kulturminnevern.

  • Publikasjonar og databasar
  • Kurs og konferansar
  • Foredrag
  • Utstillingar
  • Kulturvandringar

Forskning og utvikling

Skre NMV har mangeårig erfaring med forskning og utviklingsarbeid innan fagfelta klimaforskning, vegetasjonsøkologi, skogbruk, natur- og kulturlandskapsovervaking og stressfysiologi. Vi har og solid bakgrunn i prosjektplanlegging og internasjonalt samarbeid om store naturfaglege prosjekt.

  • Prosjektplanlegging
  • Internasjonalt samarbeid (nettverk)
  • Overvaking av natur og miljø
  • Evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar
  • Lokalhistorisk informasjon
  • Arealplanlegging i skog- og landbruk
  • Rapportskriving (norsk og engelsk)

Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Kontakt oss

Telefon: (+47) 55 91 51 53
Mobil: (+47) 909 64 834
E-post: oddvar@nmvskre.no


Adresse:

Skre Natur- og Miljøvurdering
Kvernabekkveien 72
5243 Fana

Om oss

Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og natur- og kulturfagleg forskning.