Informasjonstilbod og tenester
Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og miljøfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, utstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturminne- og kulturlandskapsvern og landbruk.
Publikasjonar og databasar
Skre NMV kan tilby dokumentasjon og informasjon om miljø, natur og landbruk i Vestlandsregionen, og om internasjonal terrestrisk klimaforskning og annan forskning med tilknytning til økologiske problemstillingar. Vi har tilgang til databasar som kan skaffa oversyn over nyare litteratur om desse problemstillingane.
Kurs og konferansar
Skre NMV kan organisera kurs og konferansar om tema innan skog- og jordbruk, miljøvern og natur- og kulturfaglege emne, og har eit stort nettverk av fagpersonar og hjelpemiddel for å kunna yta den beste hjelp for brukarar til ein rimeleg pris. Skre NMV kan også ordna med innkvartering og overnatting ved slike konferansar.
Foredrag
Skre NMV kan halda foredrag med ppt presentasjonar om natur- og kulturrfaglege emne og om aktuelle problemstillingar innan natur- og miljøvern, og til ein rimeleg pris. Ta kontakt dersom du ønskjer at Skre NMV skal informera om natur- og kulturfaglege emne som har tilknytning til Vestlandet.
Foredrag titlar pr. 15.10.2012:
- Kulturminne i Fana
- Nesttun
- Skogen her vest
- Natlands historie
- Tjærebrenning
- Den Stavangerske Postvei
- Spreiing av gran og sitka frå plantefelt
- Vekst og fenologi av bjørk ved tregrensa i nord
Utstillingar
Skre NMV kan organisera utstillingar ,gjerne i tilknytning til foredrag, om natur- og kulturrfaglege emne og om aktuelle problemstillingar innan natur- og miljøvern, og skaffa høvelege utstillingslokaler til ein rimeleg pris.
Utstillingar titlar pr 15.10.2012:
- Hushjelpene
- Nattlands historie
- Nytteplanter
- Kulturminne i Fana
- Den Stavangerske Postvei
Ekskursjonar og naturguiding
Skre NMV har kontakt med fagmiljø på Vestlandet, og kan på kort varsel organisera ekskursjonar og utferder til områder på Vestlandet for å demonstrera naturfaglege verdiar eller verdfulle kulturlandskap og kulturminne. Skre NMV kan og ordna med innkvartering og overnatting ved slike utferder. Skre NMV er godkjent av Naturvernforbundet som naturguide ved utferder på Vestlandet og Hardangervidda.