Skre Natur- og Miljøvurdering (NMV)
Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og natur- og kulturfagleg forskning. Vi har eit stort nettverk av kontaktpersonar ved ulike forskningsinstitusjonar og offentleg administrasjon både i Norge og i andre nordiske land, som kan koplast inn etter behov.
Kva kan Skre NMV hjelpa deg med?
Skre NMV har solid naturfagleg bakgrunn med vekt på vegetasjonsøkologi, skogfag og plantefysiologi. Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Langsiktig naturovervaking med tanke på spreiing av planter eller av stress- og miljøskader (klima og forureining) er eit anna av våre spesialområder. Skre NMV kan og tilby ei rekkje informasjonstilbod og -tenester innan desse fagfelta. Vi har og solid bakgrunn i overvaking av kulturfaglege verneverdiar og lokalhistorisk tradisjon på Vestlandet.
Kven er vi?
Skre NMV har naturfagleg bakgrunn i botanisk økologi og skogforskning.
- Oddvar Skre, CV
Informasjontilbod og tenester
Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og kulturfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, utstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturlandskapsvern, landbruk og kulturminnevern.
- Publikasjonar og databasar
- Kurs og konferansar
- Foredrag
- Utstillingar
- Ekskursjonar
Forskning og utvikling
Skre NMV har mangeårig erfaring med forskning og utviklingsarbeid innan fagfelta klimaforskning, vegetasjonsøkologi, skogbruk, natur- og kulturlandskapsovervaking og stressfysiologi. Vi har og solid bakgrunn i prosjektplanlegging og internasjonalt samarbeid om store naturfaglege prosjekt.
- Forsøksopplegg
- Prosjektplanlegging
- Internasjonalt samarbeid (nettverk)
- Overvaking av natur og miljø
- Vegetasjonskartlegging
- Evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar
- Lokalhistorisk informasjon
- Arealplanlegging i skog- og landbruk
- Rapportskriving (norsk og engelsk)
- Kjemisk analyse av planter og jord.